Fiskesleppet (Telavåg)
Oppsummering
- Type:
- Klatrefelt
- Annmarsj i km:
- 2
- Antall ruter:
- 49
- Boltede ruter:
- 24
- Naturlige ruter:
- 25
- Gradering:
Beskrivelse
Frå Bergen: Følg skilt til Sotra. Etter Kolltveittunellen, ta av mot Klokkarvik (rv 555). Følg denne i ca 10 km. Etter Sund kommuneskiltet, fortsett langs rv 555. Etter Hammersland, ta av mot Telavåg/Glesvær. Følg skilting vidare mot Telavåg. Etter skilt mot Telavåg skule/Krigsminnesmerke, ta første veg til høgre ved rød trafokiosk og grøn brannhydrant. I fyste y-kryss ved Brekkevegen, hald høgre. Kjør over 2 fartsdumper og hold venstre i neste y-kryss opp Stølsbrekko. Følg denne vegen til enden og sett av utstyr her og parker ved skulen. Følg stien til høgre for det grøne huset. Etter ca. 3 minuttar kan ein sjå klippa på høgre hand.
Spesielle omsyn
Det er av- og påstigning i enden av Vege, parkering må føregå på skulen sin parkeringsplass.
Beliggenheit
Telavåg klatrefelt ligg flott til i Telavåg ikkje langt frå skule og barnehage. Området ligg midt i Nordsjøløypa, mellom Telavåg og Glesvær. Dermed kan ein både klatre og gå tur på same området som gir tilgang på klipper som gir deg god utsikt. Området under klippen er barne- og familievenleg.
Historikk
Skule og barnehage har uteskule og utegruppe. I eit samarbeid om å oppdatere plasser i nærområdet, som desse gruppene nyttar, fekk vi tilbod frå grunneiger om å setje lavvoen på han sin eigedom. Når vi inspiserte staden, og såg dei fantastiske fjella i bakgrunnen, kom tanken om å få i stand ein klatrevegg. Skulen har kompetanse i personalet til å kurse og undervise i klatring, og dermed var vi i gong. Rektor kontakta kulturkontoret i Sund og dei bidrog med god hjelp. Grunneiger stilte seg positiv til tanken, og tillét skule og barnehage å låne området for å få boltar i fjellveggen. FAU i skule, barnehage og Boks Klivarlag var villige til å gjere dugnaden som skulle til. Tanken er at dette kan vere eit område som alle kan nytte. Skulen kan bidra med å kurse personale. Vi kan tilby elevar i kommunen til å kome på klatrekurs. Så da alt det formelle var på plass, kom 3 stykk frå Norges Boltefond og gjennomførte boltinga tidlig i påskeuka 2011.
Klatringa
Klatringa på feltet er variert og fjellkvaliteten opplevast som kompakt med lite fingerslitasje. Lite stein under fjellet gir behagelege forhold for sikrar. Rutene er varierte i vanskegrad og der er noe for ein kvar smak, både innan klatring på naturlege sikringar og på bolt.
Karakteristikk
- Ettermiddagssol
- Barnevennlig
- Overheng
- Reinsikkert
- Sva